Beløpsgrenser
Av omsyn til sikkerheit kjem bankkorta våre med innebygde beløpsgrenser
Om beløpsgrenser
Kortet ditt kjem med innebygde grenser for kor mykje pengar du kan ta ut eller betale med i ein gitt periode. Beløpsgrensene varierer etter kortype.
Beløpsgrensene er også tilpassa alderen til eigaren, ein vil derfor kunne oppleve at grensa på kortet blir endra frå eit år til eit anna. Til dømes vil beløpsgrensene på eit bankkort av typen Ung bli endra når eigaren har fylt 13 år.
Av sikkerheitsmessige årsaker er det satt maksgrenser for varekjøp, netthandel og minibankuttak på våre bankkort. Ta kontakt dersom dette kan bli eit problem, så kan me endre desse grensene for deg.
Finn beløpsgrensene til ditt kort her
Visa Classic
- Beløpsgrense varekjøp i Noreg: kr 99 999 pr. 3 dagar
- Beløpsgrense minibank i Noreg: kr 10 000 pr. 7 dagar
- Beløpsgrense minibank i utlandet: kr 15 000 pr. 4 dagar
Ung med netthandel
- Beløpsgrensa er kr 8000 pr. veke
Ung
- 13år- : Beløpsgrensa er kr 8000 pr. veke, av dette kr 2500 i minibank
- 8-13 år: Beløpsgrensene er tilpassa alderen, og barna kan bruke inntil 1000 kr pr veke
Mastercard frå Entercard:
- Inga beløpsgrense
Meir om kontantuttak
Gebyr i andre minibankar
Merk at beløpsgrense for uttak kan vere lågare enn oppgitt ovanfor, ettersom det er opp til den einskilde banken å sette eigne gebyr for uttak. Ofte har minibankar eit gebyr på 20-40 kr og beløpet du då kan ta ut reduserast tilsvarande.
Er du kunde i Luster Sparebank så kan du gebyrfritt ta ut kontantar i våre minibankar.
Kontanttjenester i butikk
Det er eigne beløpsgrenser for kontanttjenester i butikk, desse er satt i samråd med butikkane, BankAxept med fleire, klikk her for å lese meir om denne tjenesta og kva beløpsgrenser som gjeld.