– Eg trenar og konkurrerer gjennom heile året med eit tydeleg mål om å etablere meg på Worldtour-nivå, forklarar Jørgen Sekse (20).
Nytt proffteam i ryggen
Etter to sesongar for det franske klubblaget CC Etupes, vender han kursen attende til heimlandet. Med det norske continentallaget Team Drali Repsol på drakta, får han nokre av landets fremste trenarressursar i ryggen.
– Sesongane i Frankrike har lært meg mykje, både når det kjem til sykkelsporten og kulturen rundt. No er eg glad for å vere attende og satse vidare med eit norsk profflag.
Verdstoppen i U23
Sekse kan trass sin unge alder skilte med fleire merittar. I fjor sykla han inn til ein 10.plass samanlagt, samt 4.plass på ein enkeltetappe, i Ronde d`Isard i Pyreneene. Her konkurrerte han mot dei beste U23-ryttarane i verda. Han representerte òg det norske U23-landslaget i EM i Frankrike.
– Mange tenkjer kanskje på sykkel som ein individuell idrett når dei først startar, men det er i høgste grad ein lagsport. Ein er avhengig av å vere eit godt team, og når ikkje langt utan dei rette folka rundt seg.
Sykkeldestinasjonen Sogn
Med 20-30 timar på sykkelsetet i veka, går fleire av samlingane til sydlegare strøk. Mellom slaga tek han gjerne turen heim til familien og sykkelklubben Sogn CK.
– Då blir det ofte nokre turar mot Skjolden og Turtagrø, eller innover til Jostedalen.
Stolt sponsor
Luster Sparebank har dei siste åra følgt Sekse si kontinuerlege og målretta satsing mot proffdraumen og er stolt sponsor inn i komande sesong.
– For meg betyr det mykje å ha med ein lokal aktør som deler verdiane om innsats, utvikling og fellesskap. Satsinga mi kostar mykje, både med utstyr, reiser og trenarkostnader, og då er slik støtte heilt avgjerande. Eg er stolt av å representere både Sogn og Luster Sparebank vidare, seier Sekse.
– Kva er ditt beste råd til andre ungdomar som går med ein draum om å satse på sykkel?
– Då ville eg sagt: nyt det, og ver tolmodig. Det er ein tøff idrett, og du må tole litt smerte, men gi det ein sjanse. På sykkelen får du oppleve natur og nye stader på ein måte som gjer heile innsatsen verdt det.
– Kva er din største motivasjon for satsinga?
– Målet er ein dag å sykle Tour de France.
Luster Sparebank gler seg til å følje Jørgen i satsinga vidare og ønskjer han lykke til i sesongens ritt!

