Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Ver obs! Fleire forsøk på svindel i området
En kvinne med rosa neglelakk skriver på sin mobil. Foto

Ver obs! Fleire forsøk på svindel i området

Det er ein del svindlarar som prøver å få folk til å oppgje sin personleg informasjon om dagen. Me ynskjer difor å minne om nummeret til den døgnopne sperretelefonen, der du kan sperre både kort og BankID.

Svindel via Facebook, Instagram og andre

På sosiale media føregår det ei rekke svindelmetodar for tida, så ver på vakt om du får ei melding om å oppgje personleg informasjon. Den du tilsynelatande kjenner kan vere hacka!

Skattemeldinga

Dei neste vekene er det også mange som vil motta skattemeldinga si. Hugs at skatteetaten aldri vil sende deg ei melding med ei lenkje som du skal klikke på for å hente ut skattemeldinga di. Ikkje oppgje personleg informasjon via lenkjer.

Kva skal du gjere ved svindel?

Dersom du skulle vere uoppmerksam og er usikker på om den personlege informasjonen din er kommen på avvege, må du ringe sperretelefonen med ein gong, eller kontakte oss i banken i opningstida.

For å sperre kort, BankID eller nettbank kan du ringe døgnopen sperretelefon på

Tlf.: (+47) 21 49 23 92

Kontakt banken

Me ynskjer di tilbakemelding!