Vårjamdøger samla 180 blinkskot frå Sogn
Den ferske fotofestivalen har i vår samla lag frå heile regionen kring kamera, naturopplevingar og felles skaparglede.
– I ei tid der negative nyhende prega oss, såg me eit særskilt behov for å skape noko kreativt i lag. Utan det store prestasjonsjaget, forklarer Kyrre Fitje.
Han er ein av arrangørane bak minifestivalen og fototevlinga som i vår såg dagens lys under namnet Vårjamdøger.

Fellesskapet først
Festivalen har sitt utspring frå friluftsmiljøet i Sogn, med eit mål om å skape meir enn vakre motiv.
– Me hadde eit ønskje om å skape møteplasser og eit felles rom for å dyrke det kreative. Ein ser ofte eit stort fokus på individuelle prestasjoner, men det er saman at me verkeleg inspirerer kvarandre og skapar ting, forklarer Fitje.
Heile 18 lag gjekk saman for å forevige motiv som strekkjer seg frå mektige, snødekte toppar til mystisk og mørklagt fjordbotn.

– Vårjamdøger har engasjert fotografer frå Aurland til Luster, frå nybyrjarar til dei meir røynde, forklarer Fitje.
Festivalen har resultert i ei utandørs utstilling, til glede for publikum i både Sogndalsfjøra og langs fjordstien i Gaupne.
Eit godt prøveår
Sjølv er han godt nøgd med festivalen si første gjennomføring.
– Det har vore ei veldig god erfaring! Både sjølve fototevlinga, og den påfølgjande festivalen som samla bygda til konsert og Petcha Kucha på Det Gule Huset.
– Det har dessutan vore gledeleg å sjå det lokale næringslivet sin vilje til å støtte opp kring eit relativt ferskt og uprøvd konsept. Støtta frå Sognekraft, Luster Sparebank, Sogn Skisenter, Printfarm, Norways Best og Det Gule Huset har vore viktig bidragsytarar for å få dette til.
Luster Sparebank heiar på lokale eldsjelder som skapar initiativ til glede for fleire. Takk for at de byggjer samhald og stoltheit rundt den flotte naturen me har rundt oss.
