Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Er du ungdom med ein lidenskap du ønskjer å satse på?
Ungdom som sitter på en mur med føttene dinglende utenfor kanten. Foto

Er du ungdom med ein lidenskap du ønskjer å satse på?

Luster Sparebank ser på ungdommane våre og framtida deira som noko av det viktigaste me kan investere i.

Difor deler me kvart år ut Ungdomsstipend til ungdom som vil ta eitt steg vidare innan kultur, idrett eller næring.

Om Ungdomsstipend

Ungdomsstipendet skal hjelpe unge mellom 16 og 25 år som har klare ambisjonar og mål om å ta eit steg vidare innan song, musikk eller anna kultur, utvikle seg innan sport og idrett, eller til ungdom som har ein god idè eller planar om å drive eiga næringsverksemd.

Banken lyser kvart år ut kultur- og næringsstipend for ungdom, som vert utdelt på Lustramarknaden.

Ungdomsstipend 16-25 år

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.
Fullt namn*
Klikk på aktuelt val

Frist for å søkje om Ungdomsstipend i 2026 er 15. mai.

Me ynskjer di tilbakemelding!