
Ungdomsstipend 2024
Under Lustramarknaden 8. juni vart det delt ut Luster Sparebank sitt ungdomsstipend for 21. gong.
5 talentfulle ungdommar fekk i år kvart sitt stipend på 10 000 kroner frå banken.
- Aleksander Sognnes Heltne – 18 år – Musikk
- Anna Grindhaug – 18 år – Fotball
- Oliver Eidsaune – 18 år – Rugby
- Theodor Eidsaune Chongdee – 16 år – Rugby
- Oliver Tuften Høistad – 16 år – Sandvolleyball

Gratulerer med stipendet! Me er stolte av kva de får til, og ynskjer dykk lukke til vidare!
Helsing oss i Luster Sparebank