Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Ungdomsstipend 2023

Ungdomsstipend 2023

Luster Sparebank ser på framtida til ungdommane våre som det mest viktige av alt.

Tradisjon tru vart årets Ungdomsstipend delt ut under Lustramarknaden, og banksjef, Jermund Lien Molland, delte i år ut stipend til heile 6 flotte ungdommar.

  • Bård Inge Fredheim, 17 år frå Hafslo – Foto/film
  • Jacob Årøy, 21 år frå Gaupne – Foto/film/musikk
  • Ida Øyre Osuch, 16 år frå Kaupanger – Taekwondo
  • Andreas Kalstad, 17 år frå Nes – Fotball
  • Josefine Thorsnes Lefdal, 16 år frå Gaupne – Fotball
  • Sindre Sætren Myklebust, 21 år frå Sogndal – Alpint

Me tykkjer det er skikkeleg stas å kunne støtte opp om ungdommen, slik at dei kan få utvikle talenta sine vidare. Me er sikre på at me kjem til å både sjå og høyre meir til desse 6 i tida som kjem.

Frå venstre: Bård Inge, Jacob, Josefine, Sindre, Bjørn (far til Andreas) og Jermund. Andreas kunne ikkje møte fysisk grunna bortekamp, og Ida kunne ikkje møte grunna Taekwondo-seminar i Fredrikstad.
Frå venstre: Bård Inge, Jacob, Josefine, Sindre, Bjørn (far til Andreas) og Jermund. Andreas kunne ikkje møte fysisk grunna bortekamp, og Ida kunne ikkje møte grunna Taekwondo-seminar i Fredrikstad.

Gratulerer med stipenda og lukke til vidare!

Helsing alle oss i Luster Sparebank

Om Ungdomsstipend

Ungdomsstipendet skal hjelpe unge mellom 16 og 25 år som har klare ambisjonar og mål om å ta eit steg vidare innan song, musikk eller anna kultur, utvikle seg innan sport og idrett, eller til ungdom som har ein god idè eller planar om å drive eiga næringsverksemd.

Banken lyser kvart år ut kultur- og næringsstipend for ungdom.

Me ynskjer di tilbakemelding!