Gå til sideinnhold
Heim / Temamøte for næringslivet

Temamøte for næringslivet

Solvorn i sol. Foto

Luster kommune og Luster Sparebank arrangerer temamøte for næringslivet 10. mars og 31. mars. Møta er opne for alle, men grunna matservering treng me påmelding.

Det har blitt ein tradisjon at Luster kommune og Luster Sparebank arrangerer temamøte for næringslivet i vintermånadene. Dei siste to åra har det som me veit vore vanskeleg grunna pandemien, men no i mars 2022 blir det to møte.

Den fyrste kvelden er på Pyramiden kafe torsdag den 10.3 kl. 19:00. Her vil det vere verksemder frå Luster som oppsummerer erfaringar frå koronaperioden, dei seier òg litt om planane framover. Fjordglas, Skjolden Hotel og Pyramiden skal alle bidra. Luster kommune vil òg seie litt om samfunnsdelen i kommuneplanen og arbeidet med ny arealplan. Dette er aktuelt for næringslivet.

Torsdag den 31.3 kl. 19:00 på Eikum Hotell er temaet «miljø- og klimasatsing i næringslivet». Dette er eit aktuelt spørsmål som heile næringslivet må forhalde seg til. Heidi Helle driv selskapet Rørsla som hjelper bedrifter med miljøsertifisering, ho vil snakke om kvifor miljøsertifisering er viktig. Kai Kvalsøren vil snakke om arbeidet som er gjort for å redusere CO2-avtrykket frå Blanderiet, Luster Sparebank om miljøarbeidet i banken og Breheimsenteret om arbeidet med å bli miljøsertifisert. Olav Øyrehagen, fagleiar landbruk vil snakke om klimaarbeidet i Luster kommune med vekt på landbruk.

Møta er opne for alle, men grunna matservering treng me påmelding. De kan melde dykk på til [email protected]

Me ynskjer di tilbakemelding!