Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Temamøte for næringslivet

Temamøte for næringslivet

Det er ein tradisjon at Luster kommune og Luster Sparebank arrangerer temamøte for næringslivet i vintermånadane. Næringslivet i Luster kommune og elles i Sogn er hjarteleg velkomne!

Grunna matservering treng me påmelding seinast to dagar før møta. Meld deg på til Olav Grov i Luster kommune, [email protected]

Frå temamøte på Nes Gard mars 2023.

Temamøte 14. mars kl. 19:00 på Eikum Hotell

«Rekruttering av arbeidskraft og reiselivsutvikling»

Mikkel Frodahl frå Avery Dennison NTP snakkar om rekruttering av arbeidskraft og korleis dei jobbar med det.

Reiselivsbedriftene snakkar om korleis det gjekk i 2023 og kva som er planane framover

  • Villa Fjellheim – Ole Øyen
  • Walaker Hotell – Ole Henrik Walaker
  • Eikum Hotell – Ståle Kjos Wenjum
  • Raaum gard, heilt pao kanten – Synnøve Aasjord

Temamøte 14. februar kl. 19:00 på Gaupnetunet

«Kunstig intelligens – korleis påverkar det næringslivet?»

Malin Waage frå Vestlandsforskning snakkar om kunstig intelligens – Kva er det, korleis fungerer det og kvifor bør du bry deg?

Frank Øvstetun frå Sitep snakkar om kunstig intelligens for å redusere kostnadane i industrien. Sitep har over 10 års erfaring med bruk av kunstig intelligens og vil syne nokre døme på praktisk bruk.

Me ynskjer di tilbakemelding!