Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Sparebankveka 2025
Foto av ballongar i bruk på sparebankveka

Sparebankveka 2025

Me inviterer til ei kjekk sparebankveke på Hafslo og i Gaupne 3.-7. november!

Langope i banken

Det blir langope frå kl. 10:00-18:00 på Hafslo 5. november og i Gaupne 6. november.

Her blir det servert bollar og juice, og alle som har spart noko i år får ein fin gåvepremie.

Du kan ta med sparegrisen din, så tømmer me den og set pengane inn på konto. Du som sparar digitalt via konto eller fond får sjølvsagt også premie.

Alle ungar som er innom oss i løpet av denne veka er med i trekninga av 2 iPad’ar i tillegg.

Nytt pass eller ID-kort?

Det er viktig at banken har oppdatert legitimasjon på alle våre kundar, så nytt gjerne høvet til å få skanna inn oppdatert legitimasjon for deg og dine born hjå oss. Hugs at pass eller nasjonalt ID-kort er no den einaste gyldige legitimasjonen for å kunne få BankID.

Velkommen til ei kjekk veke!

– helsing alle oss i Luster Sparebank

Me ynskjer di tilbakemelding!