Sparebankveka 2024
Tradisjon tru inviterer me til ei kjekk veke for store og små.
Langope i banken
Det blir langope til kl. 18:00 på Hafslo 11. november og i Gaupne 14. november.
Her blir det servert bollar og juice, og alle som har spart noko i år får ein fin premie.
Du kan ta med sparegrisen din, så tømmer me den og set pengane inn på konto. Du som sparar digitalt får sjølvsagt også premie.
Føredrag med Geir Aker
Onsdag 13. november blir det føredrag med Geir Aker i Gaupne Ungdomshus kl. 18:00.
Geir er kanskje mest kjend som fenriken i Kompani Lauritzen, men han er også føredragshaldar og forfattar. Han gledar seg til å komme til oss.
Det er plass til 250 personar i ungdomshuset, så her bør du vere rask til å melde deg på i skjemaet under. Føredraget passar både for ungdom og vaksne. Lett servering.
Parker gjerne i sentrum og gå det siste stykket bort til ungdomshuset, grunna avgrensa parkeringsmoglegheiter.