Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Sparebankveka 2023
Sparebankveka 2023 v.2

Sparebankveka 2023

I år blir det Sparebankveka både for ungar, ungdom og vaksne, med fleire spanande og kjekke arrangement 11. – 18. november.

Ballongar

Bøssetømming, premiar og skanning av legitimasjon

Gaupne: Laurdag 11. november kl. 10:00 – 14:00

Hafslo: Laurdag 18. november kl. 10:00 – 14:00

Tradisjon tru blir det bollar, juice og premiar til alle med konto i Luster Sparebank. Har du spart kontantar på sparegrisen er det høve til å tømme den, men du får premie om du ikkje har spart noko på sparegrisen òg, så lenge du har sparepengane dine ståande på ein konto hjå oss.

Alle ungar som er innom oss i løpet av denne veka er med i trekninga av 2 iPad`ar og 50 gratisbillettar til ViteMeir.

Det vil også vere høve til å skanne legitimasjon. Det er viktig at banken har oppdatert legitimasjon på alle kundane, så nytt gjerne høve til å komme innom til oss på ein laurdag for å ordne dette, og ta gjerne med heile familien. Hugs at pass eller nasjonalt ID-kort er einaste gyldige legitimasjon for å kunne få BankID.

Lene Drange, henta frå Athenas

«Kvardagsøkonomi enkelt og artig forklart» med Lene Drange

Banksalen i Gaupne: Måndag 13. november kl. 19:00

Hofslund Fjord Hotell i Sogndal: Tysdag 14. november kl. 19:00

Påmeldingsfrist 9. november i skjema lenger nede på sida.

Lene Drange er for mange kjend frå tv-programmet Luksusfellen og økonomikonseptet i sosiale media kalla Snaponomi. Lene vil gjere personleg økonomi gøy gjennom eit lågterskel føredrag der bevisstgjering i kvardagen er det viktigaste.

Føredraget passar for både ungdommar og vaksne – økonomi påverkar oss alle, uavhengig av kva me tenar, kor mykje lån me har eller kvar me plasserer sparepengane våre.

Arrangementet er ope for alle og du treng ikkje å vere kunde i banken for å melde deg på. Etter føredraget vil det vere gratis servering av mat og drikke.

Fleire av våre rådgjevarar i banken vil vere tilgjengeleg for deg dersom du ynskjer å snakke med nokon, eller om du ynskjer å avtale eit møte med oss.

For å vite kor mange som kjem, treng me at du melder deg på i skjemaet under. Påmeldingsfrist er torsdag 9. november.

Påmelding til arrangement

Eg ynskjer å melde meg på følgjande arrangement*
Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Jermund Lien Molland

Velkommen – me gledar oss til å sjå dykk alle saman!

Me ynskjer di tilbakemelding!