Slik hjelper reiseforsikringa deg
Visste du at ein av seks frendekundar nyttar reiseforsikringa kvart år? Når ferien ikkje går som planlagt, er det godt å vite at du får hjelp.
Her er sju av grunnane til at Frende si reiseforsikring kjem i testtoppen år etter år.

1. Gjeld i både Noreg og utlandet
Det er kanskje lett å tru at du må reise utanlands for at reiseforsikringa skal vere gyldig. Men faktisk dekkjer den deg også på fritida her i Noreg. Unntaket er når du er heime, på jobb eller skule. Når du er på reise, er du dekka i inntil 75 dagar i hele verda.
Best i test år etter år
Frende sin reiseforsikring har kome ut med terningkast seks eller blant best i test i over ti år.
2. Tapt og forsinka bagasje
Ferien kan fort få ei kjip vending dersom bagasjen enten er forsinka eller forsvinn. Då er det greit å vite at me har uavgrensa forsikringssum for tapt bagasje og dekkjer forsinka bagasje inntil 6000 kroner per person.
3. Slik er du dekka ved skade og ulukke
Skulle det verste uhellet vere ute, kan du vere sikker på at du har den beste dekninga. Reiseforsikringa vår har nemleg uavgrensa forsikringssum for medisinsk behandling, samt heimtransport etter sjukdom og ulukke. Forsikringa har også ei eiga dekning for kriseterapi etter ulykke eller skade på reise.
4. Gratis lege på mobilen med Eyr-appen
Er det mindre akutte medisinske plager, kan du også ta kontakt med legane i Eyr helt gratis enten du er på reise i Norge eller utlandet. Legen kan gje råd om generelle medisinske spørsmål som til dømes solbrentheit, forkjøling, influensa, utslett, allergi, bit og mindre sår.
Har du også bekymringer knytt til kroniske plager eller sjukdom før avreise, har du også gratis medisinsk rådgjeving gjennom samarbeidspartneren vår Falck (FGA).
5. Dekkjer også avbestilling
Skulle til dømes akutt sjukdom råke deg, ditt einaste reisefølgje eller ein nøkkelperson som du er avhengig for å gjennomføre reisa, har me ubegrensa forsikringssum på avbestilling av turen.
6. Hjelp med skadedyrsbehandling
Har du oppdaga veggdyr og kakerlakker i huset der du bur i ferien? Då kan du få rabatt på frysing av bagasjen slik at du ikkje får skadedyra inn i huset ditt. Skulle du vere ekstra uheldig og få dei heim, har du sanering gjennom reiseforsikringa. Det same gjeld om du har fått skjeggkre i hus etter eit ferieopphald.
7. Ingen eigenandel
Med alle dei gode fordelane over, er det ein ekstra bonus at du ikkje betalar nokon eigenandel på reiseforsikringa. Dette gjeld også ved skade på leigebil i ferien.