Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Gjennom Rocket-Man gir Astrid ungdomar ein ny arena for meistring
astrid

Gjennom Rocket-Man gir Astrid ungdomar ein ny arena for meistring

Fritidstilbodet i Sogn har dei siste åra fått eit nytt og kjærkoment tilskot. Med låg terskel og høg trivselsfaktor har Rocket-Man på kort tid etablert seg som eit populært tilbod for dei unge.

Målet til Rocket-Man er å skape trygge møteplassar, der ungdom kan oppleve meistring, byggje relasjonar og finne tilhøyrsle på tvers av bakgrunn og erfaring.

Luster kommune var tidleg ute, då dei blei med i prosjektet i 2023. No har også nabokommunen Sogndal tatt steget, med Astrid Torsvik som nytilsett prosjektleiar i spissen.

Meistring gjennom nye opplevingar

Eit viktig mål er å introdusere ungdom for nye aktivitetar dei kanskje aldri har prøvd før.

– For nokon kan det vere første gong på skateboard. For andre kan det vere klatring, paddel eller gamingkveldar, seier Torsvik

– Mange ungdomar oppdagar at dei er utruleg flinke i ting dei aldri har prøvd før. Det handlar ikkje om å vere best, men om å prøve, oppleve og meistre noko nytt.

Trygge vaksne og ekte relasjonar

Med på laget har Torsvik eit solid team av unge aktivitetsguidar, fleire med bakgrunn frå friluftsliv, vernepleie eller helsefag.

– Guidane møter ungdomane med leik og humor, og byggjer relasjonar som minner om ei trygg storesøster eller ein storebror. Her er det lov å vere akkurat den ein er, seier Torsvik.

default

Samarbeid som gjer aktivitet mogleg

Ein viktig del av modellen til Rocket-Man er tett samarbeid med lokalsamfunnet, som skular, ungdomslos, Røde Kors og Sogn Friluftsråd.

– Me tek ansvar for køyring og praktisk tilrettelegging av aktivitetane i samråd med familien, så terskelen for å delta skal vere lågast mogleg. Mange aktivitetar blir gjennomført til svært låg kostnad, eller gratis, fordi aktørar i lokalsamfunnet stiller opp. Det handlar om å få ting til å skje saman, seier Torsvik.

Bygd på tillit og langsiktig arbeid

Rocket-Man har vakse fram til å bli eit etablert, nasjonalt tilbod på kort tid. Oppstarten i Sogn krevde mykje arbeid med finansiering og organisering, men støtta frå lokale aktørar gjorde det mogleg å kome godt i gang.

No er tilbodet i vekst, med ventelister og aukande interesse frå fleire kommunar i regionen.

– Det tek tid å etablere solide relasjonar og me ønskjer å vekse sakte. Me har kome for å bli.

– Ler så me grin saman

Rocket-Man handlar om gode kvardagar, og Torsvik er tydeleg på at gleda går begge vegar.

– Det beste er å vere saman med ungdomane og sjå at dei trivst. Det gir oss like mykje som det gir dei, me ler så me grin i lag, avsluttar Torsvik.

Dette er Rocket-Man

Rocket-Man blei starta i Eidanger IL som eit førebyggande prosjekt for å skape tryggleik, meistring og tilhøyrsle for ungdom. Bakgrunnen er historia om Jens Lunde Tusvik, som døydde av ein ufrivillig overdose i 2020, berre 21 år gammal. Prosjektet vart til i samarbeid med familie og miljø rundt han, som ønskte å gjere noko positivt ut av ein tragisk situasjon. Målet er å fange opp ungdom som kan stå i fare for å falle utanfor, og gi dei eit trygt fellesskap gjennom aktivitet og relasjonar. 

cropped-Group-5-300x300
IMG_0410
IMG_0557-preview
På rydde-tokt med - 1

Me ynskjer di tilbakemelding!