
Resertifisert Miljøfyrtårn
Me er stolte over at banken igjen er resertifisert som Miljøfyrtårn!
Berekraft skal vere det naturlege valet
Banken skal vere innretta på ein slik måte at den samsvarar med og bidreg til ei berekraftig samfunnsutvikling, i tråd med berekraftmåla til FN. Dette er forankra i banken sin strategi for berekraft og samfunnsansvar. I samband med resertifiseringsprosessen vart også denne strategien oppdatert, du kan lese den her: Strategi for berekraft og samfunnsansvar.
Våre overordna mål er:
- Banken skal ta omsyn til berekraft i små og store avgjersler i heile verksemda.
Berekraft skal vere ein naturleg del av korleis banken arbeider og den skal påverke vala banken gjer kvar dag. - Banken skal prioritere områder/tema der banken har størst moglegheit til å utgjere ein forskjell.
Banken har i 2024 gjennomført ei dobbel vesentlegheitsanalyse. Der avdekka me dei områda som er mest vesentlege for oss å arbeide vidare med, samt avdekka kva interessentar banken må forhalde seg til. - Banken skal vere ein aktiv bidragsytar i utviklinga av eit berekraftig lokalsamfunn.
Banken har lang tradisjon for å dele ut gåver til allmennyttige føremål, og ynskjer særleg å støtte opp om eit levande lokalsamfunn som står seg over tid.
Me ynskjer å bidra til at alle, uavhengig av kvar ein bur, skal ha det trygt og godt
Les meir om korleis banken arbeidar med berekraft og samfunnsansvar