Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Påbode med ansvarsforsikring på el-sparkesykkel
Sparkesykkel Frende 2023

Påbode med ansvarsforsikring på el-sparkesykkel

1. januar 2023 vart det påbode med ansvarsforsikring på el-sparkesyklar. Dette betyr at dersom du har el-sparekesykkel må du forsikre den. Endringa gjeld og for bedrifter som har el-sparkesyklar dei tilsette kan nytte seg av.

Bakgrunnen for vedtaket

El-sparkesyklane har blitt svært populære dei siste åra. I dei fleste byane kan du leige køyretøyet, men mange har og kjøpt seg ein privat. Bruken av el-sparkesyklar har gitt ei klar auke i skadar og ulukker. Difor sette myndigheitene i juni 2022 føringar på mellom anna promillegrense, påbod med hjelm for born opptil 15 år, og ei nedre aldersgrense på 12 år. Tidlegare har det og blitt innført forbod mot meir enn ein førar på el-sparkesykkelen.

Den store endringa frå myndigheitene no er at el-sparkesyklar blir definert som «en liten elektrisk motorvogn» og blir med det forsikringspliktige. Dette betyr at du må ha ei ansvarsforsikring på el-sparkesykkelen din. Dersom du ikkje er forsikra og det skjer eit uhell der du er skuld i ein skade på personar eller ting, kan det få store økonomiske konsekvensar for deg, fordi du må betale erstatninga sjølv. Det er foreldra som må ta det økonomiske ansvaret dersom det er born som køyrer uforsikra og kjem ut for eit uhell som fører til skade. Forsikringa kan og vere til stor økonomisk hjelp dersom føraren sjølv blir skada.

Forsikring el-sparkesykkel Frende Forsikring

Reglar for el-sparkesyklar:

  • Maks konstruktiv hastigheit på 20 km/t
  • Aldersgrense 12 år
  • Påbod med hjelm for born under 15 år
  • Maks ein førar på el-sparkesykkelen
  • Promillegrense på 0,2
  • Låg fart og varsemd på fortau
  • Ansvarsforsikring pålagt utleigeselskap frå 01.09.22
  • Ansvarsforsikring pålagt eigarar frå 01.01.23
Nils Vegard Kvam

Snakk med oss om forsikring av el-sparkesykkelen din

Me ynskjer di tilbakemelding!