Oppdatere kundeinformasjon hjå Entercard
For tida er det mange med Mastercard Gold-kredittkort som må oppdatere sin kundeinformasjon hjå Entercard.
På grunn av reglane i Kvitvaskingslova må kredittgjevar ha fullstendig, korrekt og oppdatert informasjon om deg som kunde. Dersom dei ikkje har dette, har dei ikkje lov å tilby deg tenester og produkt.
For å fylle ut informasjonen i Entercard sin portal, treng du BankID. Sjølve utfyllinga tek 2-5 minutt og består av spørsmål om din kontakt- og kundeinformasjon. Lenke til portalen finn du via nettbanken din.
Ved spørsmål kan du ta kontakt med kundeservice hjå Entercard på telefon 73 89 77 56.