Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Nye, meir miljøvenlege bankkort!

Nye, meir miljøvenlege bankkort!

Visakort nytt design 2023

Denne våren har mange av våre kundar motteke nye bankkort med oppdatert design. Det er logo-lilja vår som no får pryde bankkorta frå Luster Sparebank. Denne er inspirert av portalen på Urnes Stavkyrkje.

Bakgrunn for designoppdateringa vår er at me ynskja å bytte ut plastikken i kortet med ein annan type som er laga av opptil 95% resirkulert plast.

Vidare arbeidar vår kortleverandør for å utvikle eit innsamlingssystem for å ta vare på dei små metalldelene til gjenbruk.

Me håpar du likar det nye designet vårt og set pris på at bankkortet ditt har hatt eit tidlegare liv.

Me ynskjer di tilbakemelding!