Ny Finansavtalelov frå 1. januar 2023
Lova sitt hovudmål er å styrke dine rettar og førebyggje gjeldsproblem. Den har med andre ord til hensikt å ta hand om deg som kunde.
Kva betyr den nye finansavtalelova for deg?
Eksisterande avtalar vil framleis løpe og eventuelt fornyast på same måte som tidlegare. Ingen eksisterande avtalar vil opphøyre.
Når du inngår nye avtalar, kan det bli stilt fleire spørsmål til deg. Hensikta med dette er å ta hand om deg som kunde.
Den nye lova vil regulere fleire avtalar og tenester. For deg som kunde, inneber dette mellom anna:
- Betre vern og lågare eigenandel dersom BankID`en din eller kortet ditt blir misbrukt
- Auka ansvar for banken ved svindel
- Digital kommunikasjon blir standarvalet, men du vil ha høve til å reservere deg for dette dersom du heller vil ha brev i posten
- Bankane vil no vere plikta til å avslå lånesøknaden din dersom den økonomiske situasjonen din ikkje er god nok
Den nye lova pålegg bankane å sende deg fleire meldingar om ulike forhold, til dømes renteendring. Du kan difor oppleve å få fleire meldingar frå oss enn du får i dag.
Kvifor kjem det ei ny finansavtalelov?
Finansavtalelova regulerer reglar om rettar og plikter mellom deg og banken din.
Eit sentralt punkt i den nye lova er at me som bank får utvida plikt til å rettleie og varsle deg som kunde. Dette set krav til oss om å kommunisere forståeleg og enkelt, slik at du kan ta trygge og gode val for økonomien din.