Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / No lanserer Luster Sparebank Apple Pay

No lanserer Luster Sparebank Apple Pay

Apple Pay er ein tryggare, sikrare og enklare måte å betale på, og kan nyttast på butikkar, restaurantar og mange andre stader.

Kundane kan enkelt halde sin iPhone eller Apple Watch nær ein betalingsterminal for å gjere ein kontaktlaus betaling. Kvart kjøp må godkjennast med anten ansiktsgjenkjenning,  fingeravtrykk eller eit passord i lag med ein dynamisk sikkerheitskode.

Du kan nytte Apple Pay på iPhone, iPad, Apple Watch eller Mac for å gjere det raskare og meir praktisk å handle noko på nettet utan å måtte opprette kontoar eller gjenta frakt- og faktureringsinformasjon fleire gonger.

NY apple hand

Sikkerheit og personvern er kjerna i Apple Pay. Når du legg inn kortet ditt i Apple Pay vil ikkje det faktiske kortnummeret ditt bli lagra, korkje på eininga di eller hjå Apple. I staden vert det tildelt eit unikt brukarnummer, som vil bli kryptert og lagra sikkert i «Secure Element» på eininga di. Kvar transaksjon blir godkjent med ein unik og dynamisk eingangskode.

Apple Pay er enkelt å sette opp.

På iPhone opnar du berre Wallet-appen, trykker på + og føl trinna for å legge til kortet ditt frå Luster Sparebank.

Når du har lagt til kortet dit på iPhone, Apple Watch, iPad og Mac, kan du byrje å bruke Apple Pay med ein gong.

Me ynskjer di tilbakemelding!