Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Velkommen til gratis føredrag med Nilsi

Velkommen til gratis føredrag med Nilsi

I samband med Sparebankveka inviterer me deg som kunde til eit ærleg og humoristisk føredrag med komikar Nils-Ingar Aadne 28. oktober kl 19.00 på Nes Gard.

nilsi hest2

Nils-Ingar Aadne er ein av Noregs mest profilerte komikarar, og er kjend frå både standupscena og ei rekkje TV-program. Sidan han starta med standup i 2003, har han stått på scena over heile landet og gjort seg kjend for ein energisk stil og humor som tek utgangspunkt i situasjonar mange kan kjenne seg att i.

I foredraget deler han eigne erfaringar med oppturar og nedturar, feil og motgang, og kva som skal til for å halde fram og jobbe mot måla ein har sett seg. Det blir ei blanding av personlege historier, humor og alvor, formidla med den energien Nils-Ingar er kjend for.

Om føredraget:
Gleda av å prestere

Kva skjer når du ryddar kalenderen, set deg eit hårete mål og bestemmer deg for å finne ut kor god du eigentleg kan bli som langrennsløpar? I «Gleda av å prestere» tek Nils-Ingar oss med inn i Prosjekt Toppidrett og seks sesongar i langløpssirkuset. Han fortel om trening med dei beste, nye vennskap, store oppturar og tøffe nedturar, og om erfaringane han sit att med etter satsinga. Det er ei underhaldande og humoristisk forteljing om mål, vilje, trivsel og gleda ved å prestere, uansett kva ein held på med.

7e5e82b0-6ed6-4e11-a007-426d3bb0dfe0

Meld deg på her

Me har eit avgrensa tal plassar, så det kan vere lurt å melde seg på tidleg. Dørene opnar 18.30, med programstart kl 19.00.

Namn*
E-post*

Luster er ein plass eg etterkvart har vore ein god del. Anders Månum som driv Nes Gard er ein god ven av meg, så det blir fort ein tur eller to til han i året. Eg har gått mykje toppturar i Jostedalen og Leirdalen med meir, både sommar og vinter. Så Luster høyrer litt til i livet mitt, rett og slett.
Nils-Ingar Aadne

Grunna avgrensa parkering set me pris på om dei som kan, køyrer saman. Det er også mogleg å parkere ved kyrkja.

Me gler oss til å sjå deg!

Me ynskjer di tilbakemelding!