Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Me søkjer ny leiar for risikostyring og compliance
Kollegaer i Luster Sparebank i Ribb-båter på fjorden. Foto

Me søkjer ny leiar for risikostyring og compliance

Me ser etter deg som har interesse for og som ser moglegheiter innan banken sitt risikoarbeid, og som kan bidra til effektivitet, god kultur og verdiskaping innan fagfeltet. Å bidra til kompetanseheving i organisasjonen og utarbeide gode interne rutinar og policyar, samt syte for at desse vert etterlevd, vil vere ein viktig del av arbeidet.

Arbeidsoppgåver

  • Måle og rapportere resultat frå risiko- og compliancearbeidet
  • Overvake banken sitt rammeverk for risiko- og kapitalstyring
  • Bidra til utvikling og kompetanseheving
  • Utarbeide rutinar og policyar innanfor fagområdet
  • Syte for at verksemda til ei kvar tid føl gjeldande lover, forskrifter og regulatoriske krav
  • I lag med styre og leiing definere mål og fokusområde

Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Erfaring frå risikostyring, compliance eller liknande arbeid som til dømes revisjon eller controller
  • Forståing for styringssystem og verksemdsstyring
  • God praktisk kjennskap til ulike IKT-verktøy
  • Kjennskap til bank- og finansbransjen er ein fordel

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver, og som samstundes bidreg med informasjonsdeling og kompetanseheving gjennom samarbeid innad i organisasjonen.

Du må ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.

Me kan tilby

  • Ei fast stilling med spanande og varierte oppgåver som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale

Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus!

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hjå banksjef, Oddstein Haugen

Tlf.: 469 70 702

Søknadsfrist 3. april.

Me ynskjer di tilbakemelding!