Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Me set fart saman med Sogndal Idrettslag

Luster Sparebank har inngått avtale med Sogndal Idrettslag Alpin som generalsponsor for Telenorleikane 2025. Avtalen vart signert av banksjef Jermund Lien Molland og prosjektleiar Atle Hole Sæterbakken frå Sogndal Idrettslag Alpin 25. juni.

Telenorleikane, som har status som Norgesmeisterskap i alpin for 13 – 14 åringar, er Norges Skiforbund sitt største aldersfastlagde arrangement. Vanlegvis er det dei store skidestinasjonane på austlandet som får tildelt arrangementet, men i 2025 er det tildelt Sogndal Idrettslag Alpin.

Signering Telenorleikane 1

Eit stort arrangement for heile regionen

Arrangementet vil finne stad i Rindabotn i Sogndal Skisenter 27. – 30. mars 2025.

Det er venta over 300 deltakarar og 700 tilreisande til arrangementet. 150 frivillige vil bidra til gjennomføring av leikane – kvar dag!

Ein må heilt attende til 1980 sist alpinmiljøet i Sogndal arrangerte eit nasjonalt renn. Då vart Junior NM avvikla i nedre del av Hodlekve, og den ærverdige pumaheisen vart teken i bruk.

Jermund Lien Molland

Luster Sparebank har eit langt og godt samarbeid som generalsponsor for Sogndal Idrettslag. Det er svært gledeleg for oss som lokalbank å bidra til det gode tilbodet og aktiviteten idrettslaget legg til rette for sine medlemmar, og spesielt barn og unge. Alpingruppa har hatt sterk auke i medlemstal og aktivitet dei siste åra. Når dei no også skal arrangere det største arrangementet for alpinungdom i regi av Norges Skiforbund, er dette noko me naturleg nok vil samarbeide med dei om. Dette er i kjernen av det me som lokalbank er opptekne av – aktivitetar for barn og unge basert på frivillig arbeid og samarbeid – og eit arrangement som viser fram og gir ringverknader til nærings- og samfunnsliv i heile regionen.

Jermund Lien Molland, banksjef Luster Sparebank

Portrettbilete Atle H. Sæterbakken, Telenorleikane

Me er veldig takknemlege for at Luster Sparebank stiller som generalsponsor for Telenorleikane 2025! Telenorleikane er eit så stort arrangement at utan bidrag frå gåve- og sponsormidlar, ville ikkje arrangementet vore mogleg å gjennomføre. I tillegg til skigleda og aktiviteten arrangementet vil bidra med i Sogn desse dagane, vil Telenorleikane skape varige verdiar som barn og unge vil ha nytte av i mange år framover. Dette vere seg portar, sikkerheitsnett, tidtakarutstyr, trenarkompetanse, skileikutstyr m.m. Overskotet frå arrangementet skal bli nytta til å skape skiglede, skiaktivitet og skimeistring!

Atle Hole Sæterbakken, prosjektleiar SIL Alpin

Me ynskjer di tilbakemelding!