Med eit utval motiv som strekkjer seg frå Jostedalen og Veitastrond til Hafslo, Gaupne, Luster, Skjolden og Fortun, blir den flotte kommunen vår med deg gjennom heile året.
Hent ditt eksemplar i banken eller nærbutikken
Kom gjerne innom kontoret vårt i Gaupne eller Hafslo for å sikre deg eit eksemplar.
Kalenderen blir også sendt ut til nærbutikkane i Skjolden, Luster, Jostedal og Veitastrond.
God designhjelp frå Veitastrond
Takk til Berit i Sognefjord.net på Veitastrond for godt samarbeid om designet.
Me håpar du vil like den!
Bestill Lustrakalenderen 2027
Har du ikkje høve til å hente Lustrakalenderen 2027 hjå oss? Fyll ut skjemaet nedanfor så sender me den til deg i posten. Kvar husstand får ein kalender gratis.