Me er stolte av å presentere Lustrakalenderen for 2026.
I år som i fjor er det dei tilsette som har teke alle dei fine bileta.
Kalenderen kan hentast i banken i Gaupne eller på Hafslo, og vil også bli sendt ut til nærbutikkane i Skjolden, Luster, Jostedal og Veitastrond slik at den kan hentast der.
Om du ikkje har høve til å hente kalenderen ein av desse stadane, kan du bestille ein heim til deg i posten ved å nytte bestillingsskjemaet under.
Bestill Lustrakalenderen 2026
Her kan du bestille Lustrakalenderen for 2026. Kvar husstand får ein kalender gratis. Fyll ut skjemaet nedanfor så sender me den til deg i posten.
Me ynskjer deg ei fin førjulstid!