Lilly følgjer draumen om drifting
Som einaste jente i klubben ønskjer Lilly Christensen å bane veg for fleire jenter i driftingmiljøet i Sogn. Med lokale støttespelarar i ryggen fekk draumen om å køyre på dei største stemna i landet tidleg bein å gå på.
Christensen er opphavleg frå Valdres, men lot seg lokke til Sogn av det store bilmiljøet. Her kombinerer ho arbeidet som billakkerer, med lidenskapen for drifting.
– Målet mitt i fjor var å få eigen bil klar til dei store landstreffa. Å kunne køyre den på stor bane på Gatebil på Rudskogen ga meirsmak. Det er noko eg har drøymt om i fleire år.
Christensen er takksam for at lokale sponsorar har hatt trua på ho, allereie tidleg i satsinga.
– Det har gjort det mogleg for meg å delta på stemner over heile sør- og austlandet, å få mykje køyretid allereie første året. Ein kostnad som elles ville blitt stor for meg. Å motta ungdomsstipendet frå Luster Sparebank har hjulpe meg masse.

Ungdomsstipend 2025
Les meirSom einaste jente som køyrer drifting i Sogn og Fjordane, har ho ei klar oppmoding til andre som vurderer å satse:
– Ein er kanskje litt redd for kva andre tenkjer om ein, men ikkje lat det stoppe deg frå å satse. Dei fleste er positive og tykkjer nemnleg det er veldig kult, fortel Christensen.
– Dessutan er det eit veldig godt miljø, som gir deg gode vener.
– Kva mål har du for 2026?
– I fjor var min første sesong og eg var ganske nervøs. I år håpar eg å kose meg enda meir med køyringa.
Luster Sparebank heiar på Lilly og ønskjer ho lukke til i den komande sesongen!
Luster Sparebank støttar kvart år gode tiltak i lokalsamfunnet. Har de eit prosjekt innan idrett, kultur eller anna samfunnsnyttig arbeid?