Er du vår nye kollega?
Luster Sparebank søkjer medarbeidar til stillinga som fagansvarleg for Depot.
Depot er ein sentral del av banken si kredittverksemd og har ei viktig rolle i banken sitt kontroll- og kvalitetsarbeid. Stillinga bidreg til å sikre at lån og sikkerheiter vert handtert i samsvar med gjeldande lovverk og interne retningsliner.
Bli ein del av laget vårt
Stillinga omfattar også nokre oppgåver knytt til internavdelinga i banken. Du vil bli ein del av eit lag med dyktige kollegaer, der samarbeid og trivsel står sterkt.
Me ser etter deg som er strukturert, initiativrik og har god forståing for kredittprosessar og dokumentasjonskrav.
Søknadsfrist er 10. mai 2026.
Fullstendig utlysing og informasjon om korleis du søkjer finn du via lenka under:
Om Luster Sparebank
Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med 30 tilsette, hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo.
Me er ein løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisere sine draumar.