Lat strandturen bli ein tur med meining
Med 12 nye ryddeboksar ønskjer Sogn Friluftsråd å engasjere fleire i dugnaden mot marin forsøpling.
– Ein ryddeboks er eit lågterskel tilbod for dei som vil rydde langs strendene våre. Kvar kasse inneheld plastsekk, hanskar, vekt og ein plastbingo. Så kan ein gjere ryddinga til ein kjekk aktivitet for heile familien, forklarar Christian Johansson.
Johansson er prosjektleiar for Marin Forsøpling i Sogn Friluftsråd, som denne sommaren har plassert ut ryddeboksar ved populære turmål langs heile Sognefjorden.
Senkar terskelen for å bidra
Ryddeboksane skal gjere det enkelt for innbyggjarar, hyttefolk og tilreisande å bidra til rydding, når dei først er i naturen.
– Mange ønskjer å bidra, men manglande tilgang på ryddeutstyr og uklare løysingar for avfallshandtering kan gjere terskelen for å bidra høgare enn nødvendig.
Kunnskap til barn og unge
Johansson er utdanna marinbiolog og syner til at det vil være viktig å fremje kunnskap om fjordmiljøet til komande generasjonar. Som ein del av arbeidet har dei også hatt skulebesøk for å auke kunnskapen om marin forsøpling blant born og unge.
– Me ser at det har vore ein stor haldningsskapande endring, me trur at den neste generasjon blir enda mykje betre.
– Store ambisjonar
Erfaringar frå Fjordane friluftsråd, som har hatt ei tilsvarande ordning i fleire år, viser at tiltak av denne typen bidreg til å mobilisere om lag 150 ekstra frivillige årleg.
– Kva respons ventar de dykk?
– Me har store ambisjonar. Erfaringane frå Fjordane friluftsråd er baserte på to ryddeboksar, medan me no har plassert ut 12. Me håpar å samle inn over eitt tonn avfall det første året.
Han viser til at det dessutan kan vere fine premiar å hente for dei som registrerer ryddedugnaden sin;
– På plastbingoen kan ein vinne fine premiar frå både lokale og nasjonale aktørar, så me håpar det vil lokke folk til å engasjere seg og registrere søpla dei plukkar.
Johansson håpar fleire får opp augo for det nye tilbodet langs Sognefjorden.
– Kva er oppmodinga di til dei som no har fått ein ryddeboks på si nærstrand?
– Kom deg ut på ein tur med meining og gjer noko bra for naturen.