Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Kundeval 2024

Kundeval 2024

Generalforsamlinga er den høgste avgjerdsmakta i Luster Sparebank. Seks av medlemma i generalforsamlinga er valt av kundane i banken. Gjennom kundevalet kan du vere med på å påverke kven som skal representere deg.

Rekke opp handa, gratis bilete frå pexels Min An

Valmøte 2024

Valmøte for 2024 vert halde i banksalen i Gaupne torsdag 29. februar kl. 17:00.

Det vil bli orientert om vedtektene for banken og litt om den daglege drifta.

Det er seks kundevalde medlemmar og av dei er ein på val i år. Av dei tre varamedlemma er ein på val i år. Medlemmar vert valde for 4 år.

Valnemnda vil komme med sitt framlegg i møtet.

Etter møtet vert det enkel servering.

Kven kan røyste ved kundevalet?

  • Luster Sparebank sine myndige kundar og som har eller i dei siste 6 månadane har hatt innskot på minst kr 2 500,- har røysteerett ved val av kundane sine medlemmar til sparebanken si generalforsamling. Kvart kundeforhold gir ei røyst når noko anna ikkje følgjer av lova eller vedtektene.
  • Luster Sparebank sine kundar kan veljast som medlem eller varamedlem til sparebanken si generalforsamling som representant for kundane.
  • Vedtektene for banken er tilgjengelege her og i banken sine lokale
  • Valet vert førebudd av ei valnemnd som tek imot framlegg frå kundane. Valnemnda er samansett slik:
    • Ivar Kvalen – leiar
    • Olav Døsen
    • Sigrun Sandvik Kalhagen
    • Kjell Håvard Skeide

Korleis komme med framlegg til kandidatar

Kundar med røysterett kan komme med framlegg til kandidat til medlem av generalforsamlinga.

Framlegget kan sendast på e-post til [email protected] eller leverast i banken innan 4. februar 2024. Framlegget må innehalde namn på kandidaten, fødselsår, yrke og adresse.

Medlemmar og varamedlemmar i generalforsamlinga per 31.12.2023 og oversikt over kundevalde representantar med funksjonstid og valperiode finn du her og i banken.

Me ynskjer di tilbakemelding!