Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Kundeval 2023

Kundeval 2023

I samsvar med kap. 8 i lov om finansforetak og vedtektene for Luster Sparebank skal det vere representantar frå kundane i generalforsamlinga.

Valmøte for 2023 vert halde i banksalen i Gaupne torsdag 9. februar kl. 17:00.

Det vil bli orientert om vedtektene for banken og litt om den daglege drifta.

Det er 6 kundevalde medlemmer og av dei er 3 på val i år. Av dei 3 varamedlemmene er 1 på val i år. Medlemmer vert valde for 4 år.

Kundar med stemmerett kan komme med framlegg til kandidat til medlem av generalforsamlinga. Framlegg til kandidat må vere banken i hende innan 31.mars 2023.

Valkomiteen vil komme med sitt framlegg i møtet.

Etter møtet vert det enkel servering.

Svein Ove Slinde, styreleiar Luster Sparebank

Om kundeval

  • Luster Sparebank sine myndige kundar og som har eller i dei siste 6 månadane har hatt innskot på minst kr 2 500,- har stemmerett ved val av kundane sine medlemmer til sparebanken si generalforsamling. Kvart kundeforhold gir ei stemme når noko anna ikkje følgjer av lova eller vedtektene.
  • Luster Sparebank sine kundar kan veljast som medlem eller varamedlem til sparebanken si generalforsamling som representant for kundane.
  • Vedtektene for banken er tilgjengelege på heimesida vår og i banken sine lokale
  • Valet vert førebudd av ein valkomitè som tek imot framlegg frå kundane. Valkomiteen er samansett slik:
    • Ivar Kvalen – leiar
    • Olav Døsen
    • Sigrun Sandvik Kalhagen
    • Andreas Fristad Hop

Medlemmer og varamedlemmer i generalforsamlinga per 31.12.2022 og oversikt over kundevalde representantar med funksjonstid og valperiode finn du på heimesida vår og i banken.

Me ynskjer di tilbakemelding!