Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / «Gode råd for å unngå å bli svindla» – Velkommen til temamøte 14. september
Tastatur, internett, bilete gratis Pixabay

«Gode råd for å unngå å bli svindla» – Velkommen til temamøte 14. september

Økonomisk svindel har blitt eit aukande samfunnsproblem og knapt nokon kan ha unngått å høyre om dette i media den siste tida.

Mange av oss har nok sjølv opplevd svindelforsøk og enkelte av oss har til og med allereie blitt utsett for svindel.

Me i Luster Sparebank ynskjer å invitere til eit temamøte der me vil dele av våre erfaringar og gje dykk nokre råd om korleis de kan unngå å bli svindla, samt kva de må gjere dersom de er så uheldige å bli utsett for ein reell svindel.

Velkommen i banksalen i Gaupne (3. etasje Luster Sparebank) torsdag 14. september kl. 16:30 – 18:00.

Temamøtet er ope for alle, og du treng ikkje å vere kunde i banken for å melde deg på.

Det blir enkel servering av kaffi og noko å bite i.

Me håpar å sjå deg!

For å vite kor mange som kjem, ynskjer me at du melder deg på via skjemaet under, eller sender oss ein e-post til [email protected]. Du er og velkommen til å ringe oss på telefon 57 68 27 00.

Påmelding til arrangement

Eg ynskjer å melde meg på følgjande arrangement*
Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Me ynskjer di tilbakemelding!