Me har ingen eigarar som skal ha sin del av overskotet vårt. Difor deler me i staden kvart år ut ein del av det som gåver til allmennyttige føremål.
Gjennom gåver, sponsoravtalar og anna støtte bidreg Luster Sparebank kvart år med betydelege midlar til lokalsamfunnet. Slik bidreg me til å halde oppe eit godt aktivitetsnivå innan idrett, kultur, organisasjonsliv og andre samfunnsnyttige tiltak.
Søknadsskjema ligg under, og fristen for å søkje er 17. februar.
Frivillige organisasjonar med aktivitetar som er opne for allmenta kan søkje om gåvemidlar.
Søknadsfrist for å søke om gåvetildeling var 17. februar.
Gåvesummen varierer frå år til år og vert tildelt på møte i generalforsamlinga 26.mars.