Gå til sideinnhold
Takk til frivillige i Luster og omegn

Frivilligheitas år 2022

Ei stor takk til alle som jobbar frivillig!

Ein hyllest

Saman med Finansforbundet og som medlem i Sparebankforeininga vil me synleggjere det frivillige arbeidet som tilsvarar heile 140 000 årsverk kvart år!

I vårt nærområde finns det så mange flotte folk som gjer så mykje frivillig for andre. Me i Luster Sparebank ropar 3 gonger hurra for arbeidet de gjer, me er mange som set pris på innsatsen. Tusen takk for dykkar bidrag til samfunnet!

Me i Luster Sparebank er ein bærar av stolte sparebanktradisjonar, der overskotet vårt går tilbake til samfunnet i form av sponsorat og gåvetildelingar. I år er det heile 200 år sidan den første sparebanken vart etablert i Noreg. Me ser fram til dei neste 200 åra som støtte for det frivillige organisasjonslivet.

Det finst utruleg mange frivillige me gjerne skulle fått bilete av, nemnt og takka personleg. Me klarar diverre ikkje å få med dei alle, men her kjem eit knippe me har veldig lyst å dele med dykk likevel. Takk for bidraget!

Hjarteleg helsing Luster Sparebank.

Jostedal Helselag og Luster Folkeakademi
Hafslo Sogelag
Dale Skulemusikk, Luster Lions og Luster Husflidslag
Luster Sogelag og Gaupne Helselag
Hafslo Idrettslag, Veitastrond Grendalag og Luster Hundeklubb
Luster Bygdelag og Luster Frivilligsentral
Luster Turlag og Studentspretten
Veitastrond IL og Sogndal IL
Røde Kors Luster
Takk til frivillige frå Luster Sparebank

Meir om året

Frivilligheitas år 2022 skal feire Noregs viktigaste lagarbeid!

Alle lag, foreiningar, frivilligheitssentralar, kommunar og andre samarbeidspartnarar er invitert med til å synleggjere og aktualisere frivilligheita, auke kjennskap og anerkjennelse og til å få fleire med!

Klikk her for å lese meir om Frivilligheitas år 2022