Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Frende Forsikring – Best når det gjeld
Frende EPSI 2023, bilete nytta med godkjenning frå Frende

Frende Forsikring – Best når det gjeld

Frende er best i landet på skadehandtering og i toppen av kundetilfredsheit. Det syner den store bransjemålinga EPSI rating 2023.

Kundane har rangert Frende Forsikring i toppen i Noregs største kundetilfredsheitundersøking fleire år på rad.

I vår gjekk Frende til topps i Noregs største kundeservicemåling, KSindeks. Med plasseringa i toppen på kundetilfredsheit i EPSI-undersøkinga i tillegg, kan ein vere trygg på at kundane er i gode hender både før og etter ein skade.

Gjennom meir enn 3200 djupneintervju med privatkundar over heile landet, har kundane sagt si meining i EPSI-undersøkinga. Studien er større og breiare enn nokon gong, og spørsmåla handlar om alt frå forventningane kunden har har til forsikringsselskapet sitt og inntrykket dei har til produktkvalitet, servicekvalitet, skadeoppgjer, lojalitet, nettløysingar, samfunnsansvar og kommunikasjon med kunden i alle kanalar.

Frende EPSI 2023, bilete nytta med godkjenning frå Frende

Denne undersøkinga er som eksamen for oss. Kvar einaste dag jobbar me med å gje kundane våre gode opplevingar i møte med oss, og me er utruleg stolte og takknemlege for den fantastiske tilbakemeldinga dette resultatet er. Ei stor takk til kundane våre!

Vegard Styve, konsernsjef Frende Forsikring

Krevjande år med mange skadar

Å vere best på skadehandtering i eit år der det har vore ekstremt mange skadar er rett og slett ei bragd. Frende scorar høgast av alle norske forsikringsselskap på å gje god hjelp når det verkeleg gjeld.

Kundane er ofte i kontakt med forsikringsselskapet sitt når dei er i fortvilte situasjonar. Då betyr det enormt mykje korleis dei blir møtt. Saksbehandlarane i Frende er både varme og engasjerte, og det syner målinga at kundane verkeleg set pris på.

Les kundane sine opplevingar med Frende

Fotballtrøyefredag

Me gratulerer Frende Forsikring med resultatet og er stolte av å vere med på laget!

Luster Sparebank

Nils Vegard Kvam

Kontakt oss gjerne om forsikring!

Kvinne i gate som smiler. Foto

Bank og forsikring – to sider av same sak.

Les meir om Frende Forsikring her

Me ynskjer di tilbakemelding!