Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Framside / Skapar juleglede for born i Luster
linda goldmann i luster røde kors og anita kjørlaug i luster frivilligsentral

Skapar juleglede for born i Luster

Det ligg mykje glede og forventing i lufta i vekene før jul. Men for stadig fleire familiar kjem denne tida òg med bekymring for ein økonomi som ikkje strekk til når utgiftene aukar.

I fleire år har Linda Goldmann, Anita Kjørlaug og resten av gjengen bak Juleglede i Luster lagt ned ein beundringsverdig innsats for å sikre at fleire born får gåver under juletreet.

– Me ser at stadig fleire søkjer og takkar ja, og er glad for at familiane som treng det tek imot hjelpa me byr dei, forklarer Anita Kjørlaug, som er dagleg leiar i Luster Frivilligsentral.

I fjor fekk heile 143 born julegåver frå Juleglede. I år ventar dei at talet vil auke.

– Det har auka med 10-15 søknader i året, og me ventar at det vil halde fram slik, seier Linda Goldmann, dagleg leiar i Luster Røde Kors.

Eit samarbeid på tvers av einingar

Arbeidsgruppa blir koordinert av Luster kommune og startar dei første førebuingane allereie i september. Dei jobbar tett med helsestasjon, NAV, barnevern og andre kontaktpunkt for barnefamiliar i kommunen.

– Me gjer så godt me kan for å nå ut til alle som kan trenge tilbodet.

Handplukka gåver

Arbeidsgruppa tek imot søknader gjennom heile november, før dei tek handlekorga fatt i desember.

– Me nyttar mykje tid på å planlegge og kjøpe kvar enkelt gåve, då me veit at dette er gåver som betyr litt ekstra. Det krev litt tid, men gjev oss utruleg mykje attende.

Gleda av å gi

Då det i haust blei endringar i finansieringsmodellen, fekk dei verkeleg sjå lokalsamfunnet slå ring om tiltaket.

– Det tikka inn med meldingar gjennom heile helga, med privatpersonar og bedrifter som ville vite korleis dei kunne bidra. Det varmar veldig å sjå kva Juleglede har kome til å bety for folk, fortel Kjørlaug.

Gjengen bak Juleglede

Juleglede er eit samarbeidsprosjekt mellom Luster Røde Kors, Luster Frivilligsentral, Kyrkja i Luster, Gaupne Helselag, Luster Lions og Luster kommune.

Arbeidsgruppa 2026 2

Me i Luster Sparebank let oss imponere over innsatsen og omtanken de legg i arbeidet, år etter år. Takk for at me får bidra litt inn i arbeidet dykkar med å skape ekte juleglede.

Me ynskjer di tilbakemelding!