På lag med Sogndal Idrettslag
Me heiar på dei mange frivillige som gjennom heile året sikrar born- og unge i regionen vår varierte og gode fritidstilbod.
Takk for den strålande innsatsen de legg ned, kvar einaste dag 👏
Me er glade og stolte av å kunne annonsere at det mangeårige samarbeidet med Sogndal Idrettslag nyleg blei fornya, med denne gode gjengen i Hodlekve:

– Luster Sparebank er ikkje berre generalsponsor for Sogndal Idrettslag, men ein viktig bidragsytar og støttespelar for små og store prosjekt i region. Sogndal Alpint og Freeski er enormt glade og takksame for å ha ein lokalbank som stiller opp, seier Melanie Hetkamp.