
Få ein god start på 2023
Den siste tida er det mange som har kjent på at auka kostnader har påverka privatøkonomien.
Me i Luster Sparebank står klare til å hjelpe deg dersom du lurer på noko rundt økonomien din. Dess tidlegare du tek kontakt med oss, dess lettare er det for oss å finne ei god løysing i lag med deg.
5 tips til ein betre kvardagsøkonomi
- Få oversikt over utgiftene dine. Har du til dømes faste trekk til tenester du ikkje nyttar?
- Betal alle faste utgifter først. Då veit du kor mykje pengar du har att til andre ting fram til neste lønsinngang.
- Opprett ein bufferkonto. Litt sparing når du har høve til det gjer deg betre rusta for uforutsette utgifter.
- Set opp handleliste! Utan handleliste er det fort å komme heim med varer du eigentleg ikkje hadde behov for.
- Ikkje ta opp forbrukslån eller kredittar du ikkje har råd til å betale tilbake. Snakk heller med oss i banken for å finne ei betre løysing.