1 127 000 kroner til 121 ulike frivillige lag og organisasjonar!
4. april vedtok Generalforsamlinga i Luster Sparebank årleg gåvetildeling. Det vart delt ut 1 127 000 kr fordelt på 121 ulike frivillige lag og organisasjonar.
Me er glade for at det er så mange lag og organisasjonar som søker om gåvetildeling. Det frivillige arbeidet som vert lagt ned rundt om i bygdene våre er svært viktig for å halde liv i lokalsamfunna.
Me tek i mot søknader gjennom heile året
Generalforsamlinga har også avsett gåvemidlar for resten av 2024, som styret i Luster Sparebank kan løyve. Frivillige lag og organisasjonar kan søke om gåver heile året, som styret i banken handsamar på dei månadlege styremøta.