Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / 175 år med lokalbank i Luster

175 år med lokalbank i Luster

Bli med oss på feiringa!

Me ynskjer alle velkommen innom oss for å markere dagen i Gaupne 4. mai og på Hafslo 5. mai.

Vel møtt til kaffi, kake og ein god bankprat!

Ballongar

4. mai 2023 er det 175 år sidan Hafslo Sparebank vart etablert. Hafslo Sparebank danna seinare, i lag med Jostedal Sparebank og Luster Sparebank, den Luster Sparebank me kjenner i dag.

Gjennom 175 år med mellom anna verdskrigar, pandemiar, finansielle kriser og store endringar i både samfunnet og økonomien kring oss er me stolte av at banken framleis står støtt som ein sjølvstendig bank til det beste for kundar og lokalsamfunn.

Samanlikna med i 1848 er me i dag ein bank med og for kundar over heile landet. Me er glade for at fleire og fleire ser nytten av å vere kunde i banken. Personleg kontakt og raske avgjerder er noko kundane våre trekkjer fram som viktige grunnar til å vere kunde hjå oss.

Luster Sparebank skal vere ein god og løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisere sine draumar i tråd med banken sin visjon – «Saman når me måla dine!».

Me ynskjer di tilbakemelding!