Gå til sideinnhold
Heim / Mobilbank for bedrift
3 kollegaer diskuterer papirer og farger ved et skrivebord. Foto

Mobilbank for bedrift

Med Mobilbank Bedrift får du enkel tilgong til dei vanlegaste banktenestene for di bedrift, same kvar du er.

Før du set i gong med mobilbanken, må du ha nettbedriftavtale hjå Luster Sparebank.

Brukarar må vere registrerte med mobilnummer og e-postadressa for å ta i bruk appen.

Administrator kan registrere e-post og telefonnummer på brukar slik:

  • Klikk på «Meny».
  • Under «Administrasjon», vel «Brukarar».
  • Klikk på den aktuelle brukaren.
  • Legg inn mobilnummer og e-postadresse i dei respektive felta.
  • Klikk «Lagre» nedst på sida.

Slik aktiverer du Mobilbank Bedrift

Last ned mobilbank-appen:

Før du kan logga inn i mobilbank for bedrift, må du aktivere appen. Etter identifisering får du ein aktiveringskode på SMS, som du tastar inn i appen.

Dette gjer du berre første gongen du opnar appen. Etterpå loggar du enkelt inn med ein 4-sifra kode, eller med biometri dersom telefonen støttar det.

Uten navn (LinkedIn-innlegg)

Med mobilbank for bedrift får du:

  • full oversikt over kontoar og transaksjonar
  • rask tilgong til å betale rekningar og overføre mellom kontoar
  • tilgong til postkasse og arkiv, når du treng det
  • ein ryddig hovudmeny med dei viktigaste tenestene samla
  • full kontroll på økonomien i bedrifta, rett frå mobilen

Treng du å kontakte banken, kan du sende melding trygt og sikkert direkte i appen.

Skjermbilde 2026-05-20 kl. 09.04.34

Me ynskjer di tilbakemelding!