Gå til sideinnhold
Heim / Bustadlån i Luster Sparebank
IMG_7482

Bustadlån i Luster Sparebank

Takk for at du vel Luster Sparebank – anten du allereie er kunde hjå oss, eller vurderer å bli det.

Her finn du enkle og sjølvbetjente løysingar for ulike behov knytte til lån. Du kan sjekke moglegheitene dine, søkje om lån eller få svar på det du lurer på, akkurat når det passar for deg.

Om du ønskjer å snakke med oss undervegs, er me sjølvsagt her for deg.

Hugs å ha BankID klar når du startar søkjeprosessen.

Er de to som søkjer? Då kan det vere fint å ta søknadsprosessen saman, då de begge må gi samtykke.

Søk om bustadlån

Hjå Luster Sparebank skal du kjenne deg trygg på at me er her når du treng oss. Me legg vekt på god og personleg service, og saman finn me gode løysingar for deg og dine behov.

Auke bustadlånet ditt?

Har verdien på bustaden din auka, kan du refinansiere bustadlånet ditt og låne meir på bustaden.

Finansieringsbevis

Eit finansieringsbevis er ei bekrefting frå oss i banken på kor mykje du kan låne bustad for.

Skal du vere medlåntakar?

Som medlåntakar søkjer du om lån saman med ein annan person, og du blir ansvarleg for heile lånet på lik linje med den du søkjer saman med. Banken vurderer økonomien dykkar begge når de søkjer om lån.

Under «Mine lånesøknadar» kan du fullføre din del av søknaden.

IMG_7467

Har du spørsmål om bustadlån?

Spørsmåla om bustadlån kan vere mange og ulike. Difor forstår me godt at det kan vere nyttig å snakke med ein rådgjevar om din situasjon før du set i gong.

Vurderer du eit fleksilån?

Eit fleksilån gir deg moglegheit til å bruke av ei avtalt kredittramme når du treng det. Du kan betale ned og låne opp att innanfor ramma, og har dermed litt ekstra økonomisk handlingsrom.

Me ynskjer di tilbakemelding!