Gå til sideinnhold
Heim / Kontaktlaus betaling – enkelt, kjapt og sikkert
Visakort nytt design 2023

Kontaktlaus betaling – enkelt, kjapt og sikkert

Alle kort frå Luster Sparebank støttar kontaktlaus betaling. Det betyr at du kan betale berre ved å halde kortet inntil betalingsterminalen.

På kjøp under 500 kroner treng du som regel ikkje taste PIN-kode – betalinga blir godkjent med eit lite pip.

Slik kjem du i gang

Første gong du brukar eit nytt kort, må du gjennomføre eitt vanleg kjøp med chip og PIN-kode. Etter dette er kontaktlaus betaling aktivert på kortet.

Slik betalar du kontaktlaust

  1. Hold kortet, mobilen eller klokka med kontaktlaus funksjon inntil symbolet på betalingsterminalen.
  2. Når du høyrer eit pip, er betalinga gjennomført.
  3. For beløp over 500 kroner tastar du PIN-koden, men du treng ikkje setje kortet inn i terminalen.

Fleksibelt

Alle kort frå Luster Sparebank kan brukast kontaktlaust, men du kan alltid velje å betale på vanleg måte med chip og PIN dersom du ønskjer det.

Visakort nytt design 2023

    Innebygd tryggleik

    Du kan oppleve å bli bedt om å taste PIN-koden på enkelte mindre kjøp. Dette er ein automatisk tryggleikskontroll som bekreftar at det er du som eig kortet. Kontrollane blir trigga etter eit visst antal kontaktlause kjøp eller ved samla beløp over ei grense. Dette kan variere frå land til land og er med på å gjere kontaktlaus betaling sikkert.

    Magnhild Feten

    Har du spørsmål om bruk eller bestilling av kort?

    En mann ser på mobiltelefonen sin for å gjøre en betaling. Foto

    Klar til å bestille kort?

    Her finn du oversikt over korta me tilbyr

    Me ynskjer di tilbakemelding!