Så kjekt at du har funne vegen til oss i Luster Sparebank!
Me er ein sjølvstendig sparebank, lokalisert mellom høge fjell og djupe fjordar, innerst i Sognefjorden.
Hos oss får du ikkje berre ein bank. Du får ein fast rådgjevar som kjenner deg og økonomien din. Som er lett å få tak i og gir deg raske svar, enten det gjeld lån, sparing eller forsikring.
Som lokal sparebank er me dessutan opptekne av meir enn berre tal. Kvart år deler me overskotet vårt med lokalmiljøet, slik at verdiane kan glede fleire.
Vil du ta ein uforpliktande prat?
Fyll ut skjemaet under, så tek ein av våre dyktige rådgjevarar kontakt med deg.
Me snakkast!
Helsing gjengen i Luster Sparebank
Eg ynskjer å bli kontakta
Visste du at du kan vere kunde hjå oss, uansett kvar i landet du bur?
Luster Sparebank er ikkje berre for lustringar. Me har kundar over heile landet, og det er me stolte av.
Din personlege rådgjevar
Felles for kundane våre er at dei ønskjer ein bank som er enkel å kome i kontakt med, har rask saksbehandling og ein personleg rådgjevar dei kan snakke med.