Gå til sideinnhold
Heim / Informasjonskapslar (cookies)

Informasjonskapslar (cookies)

Personvern og bruk av cookies

I samsvar med «Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomloven)» §2-7b, er banken pålagd å informere om kva cookies (informasjonskapslar) som vert brukt på banken sine nettsider og tenester.

Lagring av opplysningar, og handsaming av desse opplysningane er ikkje lov med mindre brukaren er informert om, og har gitt samtykke til, kva opplysningar som vert samla inn, kva som er føremålet men innsamlinga og kven som samlar inn opplysningane.

Banken er forplikta til å handsame personopplysningar på ein sikker måte. Personopplysningslova og Personvernforordninga (GDPR) regulerer korleis banken skal handsame desse opplysningane.

Les meir om banken sine personvernreglar

Samtykke til bruk av cookies

Ved å gå inn på, hente informasjon frå, og/eller nytte tilknytta tenester på nettsidene våre www.luster-sparebank.no gir du samtykke til at det vert oppretta cookies i nettlesaren din.

Dei fleste nettlesarar aksepterer cookies automatisk. Dersom du ikkje vil akseptere bruken vår av cookies, kan du trekke attende samtykket ditt ved å deaktivere bruk av cookies i nettlesaren din. Dette gjer du ved å endre innstillingane i nettlesaren din. Sjå hjelpemeny i aktuell nettlesar.

Ver merksam på at tenestene på nettsidene våre kanskje ikkje vil fungere optimalt om du vel å deaktivere bruk av cookies.

Kva er cookies?

Cookies – eller «informasjonskapslar» – er ein standard teknologi som stort sett alle nettstader brukar. Cookies er små tekstfiler som vert lagra på datamaskina. Filene inneheld informasjon som for eksempel innstillingar du gjer på nettstaden, teknisk informasjon om eininga du loggar på med, kva sider på nettstaden vår du besøker og korleis du navigerer mellom dei ulike sidene.

Cookies kan i hovudsak delast inn i to typar. Den eine typen lagrar ei fil på datamaskina i ein lengre periode, og vert til dømes brukt til å fortelje deg kva som er nytt sidan sist du besøkte nettstaden, eller til å hugse val og innstillingar du har gjort. Cookien vert normalt lagra til neste gang du besøker nettstaden, og vert då erstatta med ny informasjon om siste besøk.

Den andre typen cookie vert kalla «sesjons-cookies», og er knytt til det aktuelle besøket på nettstaden. Fila vert brukt til midlertidig lagring av informasjon under besøket, og vert sletta når du lukkar nettlesaren.

Kva vert registrert?

Me brukar cookies mellom anna til innhenting av statistikk, og til midlertidig lagring av informasjon når du brukar ulike tenester på nettsidene våre. Følgjande informasjon vert registrert:

  • Teknisk informasjon om nettlesar og operativsystem på eininga du brukar
  • IP-adresser
  • Breidbandleverandør (ISP)
  • Dato og tid for besøk, og ein del data om navigasjon

Informasjonen som vert samla inn, vert brukt til å analysere bruken av nettstaden for å betre brukaropplevinga for deg som besøker oss på nettet. Informasjonen er kun til internt bruk og vert handsama i samsvar med banken sin konsesjon for handsaming av personopplysningar. Cookiane lagrar ikkje informasjon som er personleg identifiserbar. Den tekniske innsamlinga krev at bruk av cookies (informasjonskapslar) er slått på i nettlesaren.

Cookies på nettsidene våre

Google Analytics brukar desse informasjonskapslane

Google Analytics er ei nettanalyseteneste som vert levert av Google Inc («Google»). Google Analytics brukar cookies for å analysere korleis brukaren nyttar nettstaden. Informasjonen som vert generert av ein slik cookie ved bruk av den aktuelle nettstaden, inkludert IP-adresse, vert sendt til Google og lagra på serverar i USA. Google brukar denne informasjonen til å vurdere bruken av nettstaden, lage rapportar om aktiviteten på nettstaden, og for å yte andre tenester knytt til aktivitetar på nettsida og bruk av internett.

Google kan overføre denne informasjonen til tredjepartar dersom lovgjeving skulle kreve dette, eller i tilfelle der tredjepartar handsamar informasjon på vegne av Google. Google vil ikkje koble IP-adressa di med anna informasjon Google har.

Luster Sparebank brukar Google Analytics for å analysere bruken av banken sine nettsider. Me får informasjon om kva sider som er mest besøkt, på kva tidspunkt sidene er mest besøkt og korleis dei besøkande navigerer inne på sidene. Informasjonen som vert lagra er anonymisert.

_gat

Hovudformålet med denne cookien er å styre og redusere trafikken på sider som har stor trafikk. Informasjonskapselen har ei levetid på 10 minuttar.

_ga

Denne cookien vert brukt til å skilje unike brukarar av sidene ved å gje dei eit tilfeldig generert nummer som identifikator. Identifikatoren vert inkludert i kvar sideforespørsel på nettstaden, og vert brukt til å lage analyserapportar over besøk og navigasjon på sidene. Cookien er som standard sett til å vara i 2 år.

Nettbanken brukar desse cookiane

Nettbanktenestene våre brukar også enkelte cookies til å mellomlagre informasjon i samband med aktuelt besøk, til dømes om navigasjon og styring av trafikken mot nettbankserverane.

SI1

Denne cookien vert brukt til å lagra informasjon om den aktuelle påloggingen til nettbanken og inneheld kun eit tal på 16-18 siffer.

JSESSIONID

Cookien vert brukt til å lagra ein unik nøkkel/identifikator for den aktuelle påloggingen.

smbRequestURL

Cookien som nettbanken lagrar dersom brukaren prøver å gå til ei nettbankside utan å vere pålogga. Informasjon om kva side brukaren prøver å opne vert lagra, og brukaren vert send til denne sida når han/ho loggar seg på att. Cookien har ei levetid på 5 minuttar.

webContext

Denne cookien har mykje lik funksjon som den nemnd over, og lagrar informasjon om kva nettside brukaren prøver å opne dersom brukaren ikkje er pålogga. Loggar brukaren seg på att innan 5 minuttar, vert han/ho styrd til denne sida.

BIGipServerpool_evry-eBank-Person-prod_81

Cookien lagrar informasjon som vert brukt til å styre trafikken frå den aktuelle pålogginga til rett nettbankserver.

Sist oppdatert:

17.07.2018

Me ynskjer di tilbakemelding!