Innbuforsikring
Beskytt stort og smått du eig mot tjuveri og skade – både heime og ute i verda. Dette er forsikringa alle må ha.
Alle kan vere uheldige
Dersom TV-en dett i golvet eller barna skubbar vassglaset på PC’en så kan du puste med magen.
Sikra mot ID-tjuveri
150 000 nordmenn har blitt fråstole identiteten sin dei siste to åra.
Hjelp ved nettmisbruk
Inkludert i innbuforsikringa – heilt utan ekstra kostnad.
Kvifor bør eg ha ei innbuforsikring?
Ei innbuforsikring gir deg tryggleik dersom noko skjer med eigedelane dine. Innbu er alt du har i bustaden som kan flyttast på – som møblar, klede, bilete og sykkel. Med ei innbuforsikring er alt dette forsikra opp til ein bestemt sum. Kva forsikringssum du treng, kjem an på kor stor bustaden er og kor mange som bur der. Rådgjevaren din kan hjelpe deg å finne fram til riktig nivå.
Har du ei utvida innbuforsikring, vil tinga dine òg vere dekka ved uhell. Det kan for eksempel vere viss TV-en dett i golvet og blir øydelagd, PC-en sklir utfor balkongen når du er i syden, eller eigedelane dine blir skada under flytting.
I tillegg er hjelp ved ID‑tjuveri og nettmisbruk standard i Frende si innbuforsikring. Dermed får du også vern dersom nokon misbruker identiteten din eller gjer skade på nett.
Dette dekkar innbuforsikringa
I Frende kan du kjøpe standard innbuforsikring eller forsikring med uhellsdekning. Finn den som passar deg.
Kjøp forsikring på nett eller få hjelp av ein rådgjevar
I nettbutikken kan du sjekke pris, rekne ut eit uforpliktande tilbod og fullføre kjøpet.
Me i banken hjelper deg også gjerne med å finne ut kva forsikringar som passar til ditt behov. Du får personleg oppfølging og sjølvsagt også dei same gode prisane når du kjøper gjennom oss, som når du kjøper forsikringane på nett.
Frende Forsikring
Luster Sparebank er ein av medeigarane i Frende Forsikring. Selskapet er kåra til «best i test» på fleire av sine forsikringar dei siste 10 åra og er eit trygt valg for deg. Frende har både totalkunderabatt og lojalitetsbonus. Me kan gjere forsikring enklare og meir lønsamt for deg som kunde.
Snakk med oss om innbuforsikring
Norges beste reiseforsikring!
Då er du dekka frå du reiser heimefrå og heilt til du er tilbake.
Les meir og sjekk pris på reiseforsikring
Det er lurt å skrive ein sambuarkontrakt
Har de flytta saman? Avklar det økonomiske forholdet i ein sambuarkontrakt. De kan heilt enkelt skrive avtalen på nettet.
Les meir om Sambuarkontrakt gjennom Justify
Forsikre deg, ditt og dine.
Fornøgde kundar, trygt skadeoppgjer og best i test. Det er mange gode grunnar til å velje Frende Forsikring.
Få ein oversikt over alle person- og skadeforsikringar her
