Gå til sideinnhold
Heim / Betaling og konto / Kredittkort med firmaansvar

AirPlus Kredittkort

Med eit fleksibelt kredittkort frå AirPlus får både bedrifta og dei tilsette ein enklare og meir effektiv kvardag.

Design uten navn-8

Månadleg faktura

Alle kredittkort tilhøyrande bedrifta blir samla på ein månadleg faktura.

Effektiv administrasjon

Enkel utleggshandtering i AirPlus-appen uansett kvar du bur. Effektiv administrasjon av alle kort og kontoar i AirPlus Portal.

Reiseforsikring

Inkludert reise- og avbestillingsforsikring

Priseksempel AirPlus Corporate firmakort:

Årspris per kort: 350 kr. Effektiv rente: 28,7% ved 15 000 kroner over 12 månader. Kostnad: 2039. Totalt 17 039 kr.

Kredittkort med firmaansvar blir levert av SEB Kort Bank AB, Oslofilialen NUF.

Dette er inkludert i kortet

  • Inntil 45 dagar rentefri betalingsutsettelse
  • Firmakortet påverkar ikkje den tilsette si låneevne og gir bedrifta betre økonomisk kontroll
  • Effektiv administrasjon av alle kort og kontora i AirPlus Portal, med sanntidsoversikt over alle utlegg.
  • Moglegheit for integrasjon med dei fleste rekneskapssystem gjer kvardagen enklare og du sparar både tid og pengar på utleggshandtering.
  • Reise- og avbestillingsforsikring er inkludert når minst 50% av transportkostnadene er betalt med kortet. I tillegg får du tilgong til eit utval av flyplass-loungar. Les meir om reise og avbestillingsforsikringen her.

Treng du berre eit kort skreddarsydd for netthandel?

Eit virtuelt kort gir deg ei trygg og god løysing for kjøp av digitale annonsar, abonnement, lisensar og andre tenester du betalar for på nett.

Finn ut meir og søk om virtuelt kort her.

LOKALBANK Ansatt – kredittkortet for mindre bedrifter

LOKALBANK Ansatt er kredittkortet for deg som allereie har LOKALBANK Privat og ønskjer eit fleksibelt kredittkort med privatansvar, til jobbrelaterte utgifter. Kortet eignar seg best for bedrifter men færre enn to tilsette.

2

Priseksempel LOKALBANK Ansatt: Eff. rette 26,2 %. Låner du 15 000 kr over 12 månader, kostar det 1 650 kr, og du betalar 16 650 kr.

Randi Aarøy Nundal

Har du spørsmål om kredittkort?

Me hjelper deg gjerne! Kontakt oss på telefonnummer +47 57 68 27 00 , eller send ein e-post til [email protected].

Opningstid:

Alle kvardagar kl. 10:00 – 15:00.

Me er tilgjengelege på telefon kl. 8:00 – 15:30, måndag – fredag.

Full kontrol med AirPlus-appen

Sjå oppdatert saldooversikt, hent PIN-koden din, ta bilde av kvittering, sperr kortet ditt eller få rask tilgong til reise og avbestillingsforsikringen medan du er på reisefot. Det meste kan du gjere med nokre få tastetrykk.

En kvinne med rosa neglelakk skriver på sin mobil. Foto

Spørsmål og svar om kredittkort med firmaansvar

Korleis søkjer ei bedrift om AirPlus firmakort?

Dagleg leiar eller prokurist må signere søknaden med BankID. Under søknadsprosessen blir det innhenta informasjon om selskapet, eigarar og organisasjonsstruktur.

Kva krav blir stilt for å få innvilga kort?

Bedrifta må gjennom ei kredittvurdering og ha minst to års gyldig rekneskap.

Kva betyr det å vere prokurist?

Prokuristen har fullmakt til å signere på vegne av selskapet i dagleg drift. Personen som signerer, blir administrator i AprPlus Portal.

Kor mange kort kan vere knytt til bedrifta sin avtale?

Det er ingen fast grense. Bedrifta kan registrere så mange korthaldarar som naudsynt. Administrator kan også opprette eller avslutte kort ved behov.

Korleis får bedrifta tilgong til administrasjonsløysinga AirPlus Portal?

Administrator får automatisk tilgong til portalen etter at kortavtalen er signert. Informasjon og innlogging blir sendt på e-post.

Prisliste kredittkort med firmaansvar – AirPlus Corporate

Årspris350 kr
Gebyr ved varekjøp0 kr
«Book now – pay later»100 kr per transaksjon
Valutapåslag2,0 %
Minibankuttak4 % av beløpet du tek ut (minimum 40 kr)

Priseksempel ved utsett betaling

Effektiv rente 28,7 %. Låner du over 15 000 kr over 12 månader, kostar det 2 039 kr, inkl årspris, og du betalar totalt 17 039 kr.

Kredittkortet blir levert av SEB Kort Bank AB, Oslofilialen NUF. Sjå detaljerte vilkår på AirPlus sine heimesider.

Prisliste Lokalbank Ansatt

Årspris0 kr
Varekjøp0 kr
eFaktura0 kr
Papirfaktura11 kr
Mobilbank0 kr
Kontantuttak i minibank, utland i valuta0 kr
Kontantuttak i minibank, utland i NOK40 kr + 1 % av uttaksbeløp
Kontantuttak i minibank, innland40 kr + 1 % av uttaksbeløp
Kontantuttak i minibank, utland40 kr + 1 % av uttaksbeløp
Valutapåslag2,0 %
Kopi av faktura100 kr
Nominell rente23,45 %
Effektiv rente26,2 %
Erstatningskort0 kr
Overtrekksgebyr125 kr
Innfrielse kreditt andre kortselskap f.o.m 3.overføring frå same konto innanfor 12 mnd0 kr
Overføring frå kredittkort til konto25 kr + 1% av overført beløp, renter blir berekna på ordinært vis
Minimumsbetaling (pr månad av benytta kreditt)3,5 % minimum 250 kr
Rentefri Inntil 45 dagar

Priseksempel ved utsett betaling:

Effektiv rente 26,2 %. Låner du 15 000 kr over 12 månader kostar det 1 650 kr og du betalar totalt 16 650 kr. Bruk av kort hos Posten/ Post i butikk blir rekna som kontantuttak. Purregebyr og inkassogebyr følgjer dei til ein kvar tid gjeldande offentlege satsar.

Me ynskjer di tilbakemelding!