Google Pay
Betal enkelt med mobilen, nettbrett eller ei smartklokke med Google Pay.
Enkelt
Med Google Pay betalar du enkelt i butikk, på nett og i app.
Tilgjengeleg
Me har med oss mobilen over alt. No kan du betale med den òg.
Sikker betaling
Kortnummeret ditt vert ikkje lagra verken på telefonen din eller andre brukarstader.
Kom i gang med Google Pay
Slik kjem du i gang frå mobilbanken:
- Logg deg inn i Luster Sparebank sin mobilbank
- Trykk på «Meny» og «Mobilbetaling»
- Vel det kortet du ynskjer å bruke til Google Pay ved å trykke på knappen «Legg til G Pay»
- Aksepter vilkår
- Det vil vise på skjermen når kortet ditt er aktivert i Google Pay, og du vil motta ein SMS frå oss med ei stadfesting.
Slik kjem du i gang frå Google Pay-appen:
- Last ned Google Pay frå Google Play
- Legg inn kortet ditt frå Luster Sparebank som betalingsmetode
Merk deg at dersom du skal kunne bruke Google Pay må du ha ei eining med Android sitt operativsystem. For at tenesta skal fungere, krev det at eininga har versjon 5.0 eller nyare med innebygd NFC (Neard Field Communication).
Slik betalar du med Google Pay
- Lås opp smarttelefonen din og hold den over betalingsterminalen. Du treng ikkje å opne appen.
- Betalinga er godkjend når du ser ei kvit hake i ein blå sirkel på skjermen din.
Ofte stilte spørsmål
Kostar det noko å bruke Google Pay?
Nei, det kostar ingenting å bruke Google Pay.
Kva kort frå Luster Sparebank kan eg legge inn på Google Pay?
Du kan legge til Visa Classic og Visa Online nett (Juniorkort med netthandel).
Kva er aldersgrensa for å bruke Google Pay?
Google har sett ei nedre aldersgrense på 16 år.
Kor sikkert er det å bruke Google Pay?
Når du betalar med Google Pay må telefonen låsast opp med fingervatrykk, ansiktsgjenkjenning eller personleg kode. I tillegg vert det nytta eit token i staden for kortnummeret ditt. Tokenet erstattar tradisjonelle kortdetaljar slik at betalinga kan gjennomførast utan at kortnummer, utløpsdato og CVV2-kode vert overført frå eininga til betalingsterminalen. Tokenisering beskyttar med andre ord kortdetaljane dine og er ei ekstra sikkerheit.
Når du nyttar kortet ditt til mobilbetaling er du omfatta av same garantiar og sikkerheitsfunksjonar som når du nyttar kortet på vanleg måte i butikk eller på nett.
Eg har ein ukjend transaksjon i Google Pay, kva gjer eg?
Sperr kortet ditt i mobilbank eller nettbank, eller ta kontakt med den døgnopne sperretenesta på tlf. +47 21 49 23 93.
Trykk her for å lese fleire ofte stilte spørsmål på «Google Pay hjelp».