Gå til sideinnhold
Heim / Betaling og konto / Apple Pay

Apple Pay

Med Apple Pay kan du enkelt betale med iPhone eller Apple Watch både i butikken, via appar og på nett.

Enkelt

Med Apple Pay betalar du enkelt i butikk, på nett og i app.

Tilgjengeleg

Du treng korkje lommebok. myntar eller setlar. Kun mobil eller klokke.

Sikker betaling

Kortnummeret ditt vert ikkje lagra på korkje telefonen din eller andre brukarstader.

Ny apple og apple watch

Slik kjem du i gang frå mobilbanken:

  • Logg deg inn i Luster Sparebank sin mobilbank
  • Trykk på «Meny» – «Kort» – «Apple Pay»
  • Vel det kortet du ynskjer å legge til og trykk på «Legg til i Apple Wallet»
  • Følg instruksjonane og godkjenn vilkåra

Slik kjem du i gang i Apple Wallet:

  • Gå til Wallet-appen (lommebok) på iPhonen din
  • Trykk på «legg til ditt kort» og vel ynskja korttype
  • Skann kortet ditt og legg inn CVV2-koden. Du kan òg legge til kortet manuelt om du heller ynskjer det.
  • Les og godkjenn vilkåra frå Apple
  • Klikk på «neste» – du får tilsendt kode på SMS
  • Velg som standardkort
  • Ferdig 🙂
Add to Apple Wallet

Om Apple Pay

Apple Pay er ein tryggare, sikrare og enklare måte å betale på, og kan nyttast på butikkar, restaurantar og mange andre stader.

Kundane kan enkelt halde sin iPhone eller Apple Watch nær ein betalingsterminal for å gjere ein kontaktlaus betaling. Kvart kjøp må godkjennast med anten ansiktsgjenkjenning,  fingeravtrykk eller eit passord i lag med ein dynamisk sikkerheitskode.

Du kan nytte Apple Pay på iPhone, iPad, Apple Watch eller Mac for å gjere det raskare og meir praktisk å handle noko på nettet utan å måtte opprette kontoar eller gjenta frakt- og faktureringsinformasjon fleire gonger.

Sikkerheit og personvern er kjerna i Apple Pay. Når du legg inn kortet ditt i Apple Pay vil ikkje det faktiske kortnummeret ditt bli lagra, korkje på eininga di eller hjå Apple. I staden vert det tildelt eit unikt brukarnummer, som vil bli kryptert og lagra sikkert i «Secure Element» på eininga di. Kvar transaksjon blir godkjent med ein unik og dynamisk eingangskode.

Ofte stilte spørsmål om Apple Pay

Er det trygt å bruke Apple Pay?

Ja, det er trygt å bruke Apple Pay. Når du betalar med Apple Pay vil ikkje kortnummeret ditt bli lagra korkje på eininga eller på Apple sine serverar. Kortnummeret vil heller aldri bli delt med brukarstaden.

Kva er Apple Pay?

Det er ei teneste frå Apple som gjer det enkelt å betale med din iPhone, Apple Watch, iPad eller Mac.

Kva må eg ha for å nytte Apple Pay?

Her kan du finne kva einingar som er kompatible med Apple Pay https://support.apple.com/no-no/HT208531

Dersom eg sperrar kortet mitt, vil det då vere sperra i Apple Pay òg?

Ja, dersom du sperrar kortet ditt kan det ikkje brukast nokon stader.

Kvar kan eg bruke Apple Pay?

Du kan bruke Apple Pay på alle brukarstader som aksepterer kontaktlause betalingar, samt i nettbutikkar og appar dersom dei har avtale om betaling med Apple Pay.

Korleis betalar eg med Apple Pay?

Du kan betale med Apple Pay i alle butikkar som aksepterer kontaktlaus betaling. Sjå etter symbolet for kontaktlaus betaling. Du kan og betale i nettbutikkar og appar som støttar Apple Pay. Sjå etter symbolet «betal med Apple Pay».

Hold telefonen tett på betalingsterminalen og godkjenn på ein av måtane under:

  • Med Face ID: Trykk 2 gonger på knappen på sida av telefonen og hold den framfor ansiktet ditt.
  • Med Touch ID: Hold fingeren din på heim-knappen.
  • Med Apple Watch: Trykk 2 gonger på sida av klokka og hold skjermen eit par cm frå betalingsterminalen. Når du kjenner ein liten vibrasjon er betalinga gjennomført.
  • Etter at betaling er gjennomført vil det stå «ferdig» på skjermen.
Kan eg legge til meir enn eitt kort i Apple Pay?

Ja, du kan du legge til fleire kort, og same kortet kan leggast inn på ulike einingar.

Er det aldersgrense for bruk av Apple Pay?

Aldersgrensa for Apple Pay er 13 år.

Marte

Kontakt oss gjerne om du treng hjelp til noko!

Me ynskjer di tilbakemelding!