Gå til sideinnhold
Heim / Betaling og konto / Fitbit Pay

Fitbit Pay

Betal trygt og enkelt med klokka di.

Enkelt

Med Fitbit Pay kan du betale enkelt og kontaktlaust.

Tilgjengeleg

Dropp lommeboka når du er på farten. Betal med klokka di.

Sikker betaling

Kortnummeret ditt vert ikkje lagra verken på klokka di eller andre brukarstader.

Google Wallet tek over Fitbit Pay

29. juli 2024 startar Fitbit arbeidet med å overføre sin betalingsteneste frå Fitbit Pay til Google Wallet (tidlegare Google Pay).

Du treng ikkje installere Google Wallet-appen på telefonen din for å bruke Google Wallet på Fitbit-eininga di. I nokre tilfeller må du likevel aktivere bankkortet ditt på nytt i Fitbit-appen.

For meir informasjon sjå gjerne til Fitbit Hjelp-sidene her

Kom i gang med Fitbit Pay

  • Last ned Fitbit-appen på smarttelefonen din og synkroniser med klokka di
  • Legg inn kortet ditt frå Luster Sparebank som betalingsmetode
  • Stadfest med eingangskode som du får på SMS
  • Fitbit Pay er klar for betaling

Merk deg at dersom du skal kunne bruke Fitbit Pay må du ha ei Fitbit smartklokke, samt ein smarttelefon som støttar Android 4.4 eller iOS 9.

Slik betalar du med Fitbit Pay

  • Hold inne heim-knappen på klokka slik at Fitbit Pay blir aktivert. Bankkortet ditt blir no synleg på klokka di.
  • Hold klokka inntil betalingsterminalen der det syner eit symbol for kontaktlaus betaling.
  • Tast inn firesifra kode dersom klokka spør etter det.
  • Betaling er gjennomført når betalingsterminalen syner «Godkjent».

Ofte stilte spørsmål

Kostar det noko å bruke Fitbit Pay?

Nei, det kostar ingenting å bruke Fitbit Pay.

Kva kort frå Luster Sparebank kan eg legge inn på Fitbit Pay?

Du kan legge til Visa Classic og Visa Online nett (Juniorkort med netthandel).

Kor sikkert er det å bruke Fitbit Pay?

Fitbit Pay nyttar eit digitalt kortnummer (token) for å identifisere betalingskort du har lagt til. Tokenet blir kryptert og lagra sikkert i appen og på klokka. Det vanlege kortnummeret ditt blir aldri lagra verken på mobiltelefonen, i klokka eller på Fitbit sine servarar. Kortnummeret blir aldri delt med betalingsstaden. Dette gir ei god sikkerheit for deg som brukar Fitbit Pay.

All bruk av Fitbit Pay må godkjennast med PIN-kode dersom du har tatt av deg klokka sidan forrige gang du tasta inn koden på klokka.

Eg har ein ukjend transaksjon i Fitbit Pay – kva gjer eg?

Sperr kortet ditt i mobilbank eller nettbank, eller ta kontakt med den døgnopne sperretenesta på tlf. +47 21 49 23 93.

Eg har mista Fitbit-klokka mi, kva gjer eg?

Me rådar deg til å sperre kortet ditt i mobilbank eller nettbank, eller ta kontakt med den døgnopne sperretenesta på tlf. +47 21 49 23 93.

Trykk her for å lese fleire ofte stilte spørsmål på Fitbit sine nettsider

Me ynskjer di tilbakemelding!