Click to Pay
Betal enklare på nett med Visa Click to Pay
Spar tid
Mindre klikk for å handle
Tilgjengeleg
Stadig fleire nettbutikkar tilbyr utsjekk med
Click to Pay
Sikkert
Avansert teknologi beskyttar kortinformasjonen din
Om Click to Pay
Med Visa Click to Pay vert det raskare, enklare og sikrare å handle på nett. Du treng ikkje fylle ut lange skjema eller skrive inn det 16-sifra kortnummeret ditt. Du legg enkelt til Visa-korta dine i mobilbanken, og deretter kan du betale raskare i alle nettbutikkar der du ser Click to Pay-symbolet.

Slik kjem du i gang
Du kan aktivere betalingskortet ditt for Click to Pay i mobilbanken. Du får ei stadfesting per sms når kortet er klar til bruk i tenesta.
Betal med Click to Pay
Sjå etter Click to Pay-symbolet når du handlar i ein nettbutikk. Trykk på det for å betale, du treng normalt kun nokre få klikk. Du kan framleis bli bedt om å identifisere deg for å stadfeste kjøpet, til dømes med BankID.
Når du nyttar Click to Pay i butikken for første gang, må du taste inn ein eingangskode du mottek per sms og e-post. Huk av for «Husk meg»undervegs, så går framtidige kjøp i denne butikken enno raskare.
Ofte stilte spørsmål
Kva er Visa Click to Pay?
Visa Click to Pay er Visa sin betalingstjeneste for netthandel. Den er bygd på e-handelsbransjen sine nyaste spesifikasjonar.
For å gjere eit kjøp treng du ikkje lengre skrive inn det 16-sifra kortnummeret, finne passord eller fylle ut lange skjema. Er kortet ditt aktivert for Click to Pay, treng du kun klikke på symbolet for Click to Pay når nettbutikken tilbyr betalingsmetoden.
Smart, enkelt og sikkert!
Kan eg betale med Click to Pay på telefonen min?
Ja, dersom du ser Click to Pay-symbolet og Visa vert godtatt som betalingsmetode, kan du betale med Click to pay på mobile einingar med nettilgang.